DEN NORSKE TYSKLANDSBRIGADEN:

Våren 2003 er det 50 år sidan dei siste norske soldatane kom heim att til Norge etter å ha delteke i vakthaldet av den vestre delen av Tyskland etter at verdskrigen var slutt i 1945. I åra 1947 – 1953 hadde då ca. 50.000 norske soldatar delteke i denne tenesta, og ca. 5.000 var vestlendingar. Av desse var ca. 100 frå Kvam. Kvar kontingent (Brigade) var på ca. 3.000 mann. Dette var ein avtale som var ingått mellom Storbritannia og Norge allereide midt under verdskrigen, og som det Norske Storting slutta seg til ved vedtak 14.mai 1947. Dei norske styrkane skulle vera underlagt Britisk komando. Britane stillte og alt nødvendig materiell og utstyr til disposisjon. Dette inkluderte og alle leirane som dei norske mannskapa.hadde behov for.
Tenestetida i Tyskland for kvar brigade var 6 månader.
Den første brigaden, Brig. 471 (471 står for første brigade i 1947) reiste så til Tyskland våren 1947. Dei første Norske brigadane vart stasjonerte i Britisk okkupasjonssone i Harz, eit høglandsområde i midt-Tyskland. Garnisonane låg tett opp til den Sovjetiske sona. Denne første tida var ikkje alltid like lett for dei uerfarne norske soldatane. Sjølv om dei var underlagde Britisk komando som var kjende for å ha orden i systema sine, vart det for dei norske ein oppstartfase med ein god del rot. Eit problem ved fleire av dei norske avdelingane var mangel på befal med erfaring for slik teneste. I området var det og mange flyktningar som var komne frå aust, m.a frå Polen. I desse flyktningeleirane var det ofte uro. Det hende fleire gonger at dei norske måtte hjelpa til med å roa gemytta i leirane som var for såkalla displaced persons". Den kalde krigen " var og i ferd med å tilta. I juni 1948 stengde sovjet grensene mot vest frå Aust Tyskland og gjennomførde blokaden av Berlin. I juni 1950 braut så Koreakrigen ut, Plasseringa opp mot den sovjetiske sona vart såleis og eit psykisk press på desse unge norske soldatane. I ettertid vert det fortalt at dei løyste oppgåvene sine fullt ut tilfredstillande.
I juni 1949 vart så Nato oppretta . Norsk tilslutning til Nato førde til ein hard indre politisk strid før Stortinget vedtok norsk tilslutning.
Etter opprettinga av Nato, fekk oppgåvene til den norske brigaden eit anna innhald. Den vart då ein del av Nato og skulle vera med i forsvaret av den sørlegaste delen av Nato sin Nordregion.
Soldatane i Tysklandsbrigaden vart såleis etter dette dei første norske soldatane som utførde Nato-tenste utanfor Norge.
Av ymse polititiske grunnar vart så brigaden seinhaustes 1948 flytta nordover til Schleswig - Holstein der byane Neumunster, Kiel, Rendsburg, Schleswig, Husum og Flensburg etterkvart vart garnisonsbyar for den norske brigaden.

Som ei motvekt mot Nato, oppretta så austblokk-landa under Sovjetisk leiing Warszawapakta. Dette førde til eit endå meir spent tilhøve mellom aust og vest. For Nato vart det difor viktig å styrkja forsvaret av den nordlege grensa mot Sovjet, m.a. ord, Nord Norge.
Dette trur eg var ein av grunnane til at Brig 522 vart den siste Norske brigaden som vart sendt ned til Tyskland.
Eg var då mellom dei 3.000 som tenestegjorde i Brig. 522. Avdelinga som eg tilhøyrde LMV III som står for "Lett Mobilt Verksted nr. 3", var stasjonerte i saman med feltartiliribataljonen i Flensbug. Det var 4 slike små avdelingar (LMV) i brigaden. Alle desse tilhøyrde eigentleg Verkstadkompaniet men vart stasjonerte rundt om saman med andre større avdeligar. LMV I i Rendsburg saman med 1. infanteribataljon, LMV II I i Kiel saman med 2. infanteribataljon og LMV IV i Schleswig saman med Brigadekomandoen, Transportkompaniet og Sanitetskompaniet. Resten av Verkstadkompaniet utgjorde då Brigadeverkstaden, Brig. Verk. som var stasjonerte på Schleswig Land på ein nedlagd flyplass rett utanfor byen. På same staden låg og hovedlageret, Felt depotet. I Husum var det stasjonert eit Luftvernbatteri.

SONEKART

Tansporten til Tyskland gjekk med troppetransportskipet KNM "Svalbard". 5. oktober 1952 gjekk så avdelinga vår i land i Flensburg. Me vart innkvarterte i "Hegra" leir som visstnok var eit namn som vart brukt på alle hovedleirane for feltartilliriet gjennom heile brigadetida. Dette var nok var nok som eit minne om dei harde og lange kampane om Hegra Festning i 1940. Leiren låg i eit bustadområde på eit høgdedrag midt i Flensbug tett opp til danskegrensa.
Den bar preg av å vera ein eldre leir, sikkert for grensegarnisonen, men kasernene, hadde høg standard i høve til det me var vane med frå Helgelandsmoen. Alle bygningane i leiren var oppførde i murstein.

Flensburg hadde og hatt ein sjøkadettskule. Den hadde halde til ved marinehamna i Murwig der me hadda gått i land frå "Svalbard". Det var i denne marinebasen admiral Karl Dønitz oppretta sitt hovudkvarter etter at Adolf Hitler hadde utnemnt han som sin etterfylgjar då Hitler tok sitt eige liv 30. april 1945. Etter Berlin hadde falle vart då Flensburg i 7 dagar på ein måte den siste hovudstaden i "Det Tredje Riket"
1/3 av bataljonen var innkvarterte iMurwigleiren som bar namnet "Opland leir". Flensburg som ligg inderst i Flensburgfjorden (Flensburger Førde) hadde nok tidlegare vore ein sjøfartsby. I tillegg til det militære hadde der før krigen og vore ein del skibsverft. Byen hadde på den tid hatt ca. 60.000 innbyggjarar. Grunna dei mange flyktningane som heldt til i byen var talet no kome opp i 100.000. Flensburg hadde stort sett ungått skader i krigstida.

Søndagskledde framfor kaserna i Hegra leir

Sjølv no 7 år etter at krigen var slutt, var det mykje arbeidsløyse, og og noko fattigdom i området. Industri og andre verksemder var enno ikkje komne ordentleg i gjenge. I mange år før og under krigen hadde nok mykje vore retta mot dei militære aktivitetane. Schleswig-Holstein hadde i tidlegare tider tilhøyrt Dannmark. Prins Carl, vår seinare kong Haakon var fødd på slottet Glygsburg, rett utanfor sjølve byen. Mange snakka godt dansk og det var danske skular i byen. Dei frå sivilbefolkninga som me kom i kontakt med var i hovudsak vennlege og greie å ha med å gjera. Som ein del av dei Britiske styrkane, fekk me soldaløna vår, ca. kr.3,50 pr dag, utbetalte i Britiske militærpengar, pund, shilling og pence. Desse kunne berre brukast inne i leiren og på stader der Britiske militære hadde tilhald, t.d. kantiner, Live Center o.a. Mangelen på tyske mark var alltid stor. Dei fleste av soldatane ynskte gjerne å kunne kjøpa noko av det som kunne vera verdt å ta med seg heim . Ein del brukbare varer var byrja å koma i butikkane. Fotoapparat sto høgt på mi ønskeliste. Dette vart kjøpt delvis med "medbrakte" pengar Kvar 14.dag fekk me tildelt 2 kartongar med sigarettar.som oftast då norske South State. Dette var relativ lett omsetleg vare hjå "tuskhandlarane" som om kveldane heldt til rundt leiren. Eg trur desse var flyktningar , som tente nokre mark på denne ulovlege "tuskhandelen". Så snart politiet synte seg, rømde dei unna. Prisen var no komen ned i under 10 mark pr. kartong. Litt av rasjonen gjekk og til eige forbruk, så det vart ikkje så mykje mark av denne handelen. Når ein innimellom gjekk ut i byen for å ta eit par glas øl, gjekk det og med nokre mark.
Den spesielle engelske militærmaten vart me fort trøytte av. Berre kvitt brød og mykje marmelade. Me måtte bruka kokekara våre og egne bestikk til alle måltid. Og så då denne evindelege køståinga. I den spisesalen som me tihøyrde, det var visstnok ein tidlegare hestestall som var ombygd , skulle 300 man innta 3 måltid om dagen. Det tok lang tid frå du kom inn i salen til du kom fram til serveringsluka. Stundom gjekk me i staden på kantina og kjøpte oss noko etandes der. Om kveldane kunne ein få kjøpt øl på kantina. Svakt tysk Lager Beer til 50 pence eller 50 øre for ei flaske.
LMV si oppgåve var å vedlikehalde og utføre enklare reparasjonar på bataljonen sine køyretøy, våpen (kanoner og handvåpen) og radiomateriell. Tyngre reparasjonar vart utførde ved Brig.verk (Brigadeverkstaden).
I eit LMV var det 14 soldatar 7 korporalar , 7 visekorporalar, 2 befal , ein fenrik og ein sersjant.

Mannskapa i LMV III

LMV sin verkstad i Flensbug

I slutten av november månad reiste me saman med bataljonen til Munster Lager, eit øvingsfelt på Lynerburger Heide litt sør for Hamburg, og låg der nokre veker. Bataljonen skulle driva skyteøving med kanonene. Eg hugsar godt ein spesiell episode derifrå. Me hadde med oss nokre av dei tyske reparatørane frå verkstaden i Flensburg. Ein dag skulle ein av desse lodde eit hol i bensintanken på ein motorsykkel. Han demonterte tanken , sette den på verkstadgolvet, opna påfyllingsloka, kveikte sveisebrennaren og stakk denne ned mot eit av dei opna tankloka. Alle me andre som såg dette sprang vetskremde og bannande ut gjennom verkstadporten som heldigvis sto open. Nett med det same kom feltpresten opp til verkstaden. Me vart noko flaue grunna banninga. Den tyske reparatøren berre smilte og kunne fortelje oss at det ikkje var nokon fare med denne metoden. Han skulle berre brenne ut gassen i tanken før han kunne lodde holet. Han hadde vore flymekanikar ved Lenigradfronten under krigen og sa at det var slik dei gjorde når dei skulle lodde att skothol i bensintankane på flya. Til og frå Munster Lager køyrde heile bataljonen i kolonne. Kolona var ca. 10 km. lang. Avstanden mellom Munster lager og Flensburg var ca. 270 km. me brukte ein dag kvar veg.
Medan me var på Munster Lager var eg med "Velferden" 2 turar til Hamburg. Den eine gongen, ein søndagstur, var me på ein Beethoven-konsert. Den andre gongen, ein veekendtur. Då vandra me rundt på eiga hand.

For å spara langpermen til ein tur, feira eg jula i Flensburg. Eg kan ikkje hugse at det vart tillaga så mykje ekstra for oss. Det einaste trur eg var juletre på romma. Men julemiddagen skulle vera litt spesiell. Eg trur kokkane hadde laga til litt for lite mat eller så var apetitten for stor, for dei som sat lengst frå døra inn til kjøkenet, fekk sein servering og heller lite på fatet. Eg sat rett utanfor kjøkenet og me som sat der vart serverte først og fekk rikeleg.
I slutten av januar 1953 skulle den store brigademanøveren avviklast på Senne Lager, eit svært øvingsfelt som låg i Westfahlen meir sørvest i Tyskland. Heile brigaden med køyretøy og utstyr vart frakta med jernbane til og frå Senne Lager. Denne jernbanetransporten av ein heil brigade, var litt av heilheita i øvinga. Vår avdeling skulle etter planen ligge i telt, men grunna snøver og regn fekk me flytta innomhus i eit kaldt betonghus der me låg på golvet på halmmadrasser to og to saman for å halde varmen best mogeleg. Medan me låga på Senne Lager kom influensaepedemien den såkalla "Asiasykja" til Europa for første gong. Mange av soldatane i brigaden vart smitta. Feltsykehuset vart etterkvart så fullt at ein måtte ha over 40 i feber for å verta innlagd. Det vart fortalt at i området omkring var det fleire som døydde av epedemien Grunna denne influensaen og sterkt snøfall i øvingsområdet, vart sjølve feltøvinga avlyst. Den skulle ha gått føre seg saman med Danske og Britiske avdelingar Då feltøvinga vart avlyst og brigaden sendt tilbake til garnisonane ei veke før planlagt. Dette kom nok vel med, då det var mykje arbeid med klargjering for heimreisa i april månad. Kanskje leiinga ynskte å spare utstyret for den belastninga ei slik feltøving medfører.

"Sovesalen" vår på Senner Lager

I månadskiftet februar-mars fekk eg så 10dagars permisjonen. Det var fleire turtilbod å velje mellom. m.a både Paris og Roma, men det var økonomien som var avgjerande. Sjølv valde eg ein mellomting. Skiferie i Østerrike, Bad Hofgastein i Tirol. Det tok vel eit døger med tog frå Flensburg til me var framme på hotellet i Bad Hofgastein . Me skifta tog i Hamburg, og fekk der oppleve den for oss enormt store Hamburger Hauptbahnhof. Bad Hofgastein ligg i eit dalføre der det var vinter og skiføre på skuggesida og vårleg med sauebeiting på solsida. 6 kilometer lenger inne i dalen ligg den meir kjende feriestaden Badgastein. Det vart 10 ugløymande feriedagar. Varmt om dagen men kaldt om kveldane. Då måtte me på med "Anton", frakken. På heimvegen skifta me tog i Salzburg, og fekk der nokre timar til å vandre rundt i denne gamle Mozartbyen. Alt hadde vore vel tilrettelagt av "Velferden".

Mozart på sokkel iSalzburg

Vel heimkomne var LMV med bataljonen på nokre dagars øving i eit område nokre mil nord for badebyen Eckernførde. Me låg då i telt inne på eit gardstun, og vart svært gode vener med ungane i den vesle grenda. Dei stima rundt oss om dagane. Eg sende nokre bilete til dei frå opphaldet der på garden, og fekk fleire brev att. Bonden dreiv og ei lokal Beerstube. Ein kveld me sat inne der, eg trur det måtte vera 7. mars, kunne kroverten fortelje at det var meldt over radioen at Stalin var død.

Me vart populære mellom ungane

Etter denne korte manøveren vart det ei travel tid for oss på verkstaden i Flensburg. Køyretøya skulle klargjerast for heimtur til Norge, og måtte då tilpassast norske krav m.a. med blink- og bremse lys. Det vart mange turar for meg med jeepen til Sleswig på hovedlageret for å hente deler. Kranvogna vår måtte kappast ned for å koma under norske brueer. Norge hadde etter avtale overteke alt materiellet som Brigaden disponete, og dette skulle då køyrast heim. Norge hadde og gjort avtale med Dannmark om gjennomkøyring og utskiping.
Dei av brigademannskapa som ikkje var sjåførar, vart saman med mykje utstyr og materiell skipa til Norge med KNM "Svalbard"

KNM "Svalbard"

Første bilkolonnen på ca. 60 køyretøy drog frå Flensburg lørdag 11. april. Dagsturen gjekk fram til Viborg i Dannmark der me vart innkvarterte i ein dansk militærleir. LMV 111 skulle vare att i leiren så lenge som heimkøyringa pågjekk. Ei kolonne pr dag. Når kolonna kom til Viborg ut på dagen, var det vår jobb å hjelpa til med parkering, opptanking av drivstoff og eventuelt føreta enklare reparasjonar for å få køyretøya vidare dagen etter til ei av ferjene nord i Dannmark. Stundom måtte bilar slepast nordover. LMV III hadde ansvaret for slepinga til midt på brua i Ålborg, der eit LMV stasjonert lenger nord tok over. Det vart såleis mykje fritid på oss desse tre vekene me var stasjonerte i Viborg , og kunne på dagtid fram il kolonna kom reisa litt omkring. Me hadde høve til å nytte Jeep-en til turar i distriktet. Den danske velferdsoffiseren hadde og ein del tilbod til oss.

Med Jeep-en på tur til Århus

30. april drog me saman med siste kolonna til Hirthshals der me om kvelden køyrde om bord i ferja "Peter Weesel." Om bord på ferja møtte eg på Helge Fosso frå Øystese som hadde vore sjåfør for brigadesjefen.
1.mai 1953 køyrde me så i land i Larvik og heile Brig 522 komen heim til Norge.

Ein av dei første som møtte oss då me kom i land i Larvik, var militærlege Reidar J. Vik, frå Øystese. Han skulle kontrollere om me hadde påført oss "sjukdomar.

Og med dette var så oppgåva for "DEN NORSKE TYSLANDSBRIGADEN" vel gjennomført.