Det var ikkje berre støvletrakk og slit i Brigaden

 

Soldatlivet var hektisk  -  på kort tid skulle vi øvast opp til ein brukande standard. Det førte til at vi fekk sett oss rundt mange stader, ikkje minst på den tyske landsbygda under dei store manøvrane. Fritid var det lite av, men innimellom var det rolege dagar som vi nytta så godt vi kunne.

Den gamle Hansa-staden Hamburg var sjølvsagt eit attraktivt reisemål, men då var det straks ein del papirarbeid som måtte til. Det måtte skrivast ut ein ”Movement order”. Deretter kom ”Allied Forces Duty Rail Ticket” slik at vi kunne gå på toget frå Husum. Til slutt måtte vi ha ”Last Ration Certificate” som skulle sikra oss mat og husvære hjå britane.

Og i brystlomma låg som alltid vår ”Pay Book” som synte kven vi var. Denne boka var vi forplikta til å ha på oss til ei kvar tid.

Hamburg var eit viktig mål for den allierte luftkrigen – først på grunn av hamneanlegga, og dernest fordi det var eit viktig jarnbaneknutepunkt.. Britiske fly angrep stadig oftare med  sine bombelaster – Gøring sine løfter om at ingen fiendtlege fly skulle koma inn over Tyskland var lite verd. Øydeleggingane og tap av menneskeliv var enorme og førte til at både industri og transport vart desorganisert.

Etter at toget vårt hadde tøffa inn til Hamburg –Altona og vi steig av, var det om å gjera å  finne fram til næraste NAAFI. Bokstavane står for Navy, Army, Air Force Institutions som var den britiske velferdsoreganisasjonen for dei væpna styrkane.  Det synte seg at britane hadde rekvirert og  innreidd  eit stort forretningsbygg i sentrum, og her var det både mat og øl å få.

På ein spasertur rundt om i sentrum  var det synberrt at mykje av ruinane var rydda og det var åpne flater over alt. Det var hektisk verksemd  – også i ”gledesstrøket” rundt Herbertstrasse. Men her var det store plakater som forkynte ”Out of Bounds” for alt militært personell. Då det dukka opp en britisk MP-patrulje var vi på rette sida av skiltet.

Nattelosjiet var i en leir nokre kilometer unna, og vi entra ein trikk som gjekk i riktig retning. Trikkane var av samme modell som dei vi kjende frå Bergen, og av gamal vane fortsatte vi inn i kupeen. Alle sitjeplassane var opptekne, men et par gamle damer reiste seg for å gi plass for dei militære. Forbløffa dytta vi damene pent ned igjen, og vart ståande. Etter kvart demra det for oss at det ikkje var tillatt å stå i midtgangen, men ingen våga  å snakke oss til rette. Vi var i ein stat der det hadde vore stor respekt for uniformar.

Trikken rusla fleire kilometer gjennom eit flatt landskap der bare den raude grusen etter knust murverk fortalde at her hadde ein gong stått hus etter hus som no var borte

Operation Gomorrha”  var kodenavnet for ein serie britiske  flyangrep  mot Hamburg i slutten av juli 1943. Navnet fortel litt om korleis dei allierte såg på nazi-Tyskland  – det var som det syndefulle Sodoma og Gomorra i det gamle testamente og som vart lagt øyde av eld og svovel.

Det store angrepet tok til 24.juli og  ikkje mindre enn 791 britiske bombefly slapp brann- og sprengbomber.

I dei følgjande dagane angrep amerikanerne med 122 ”flygende festningar”. Natta til 28.juli nådde angrepet toppen og det førte til ein eldstorm som tok livet av mange tusen menneske.

Trikketuren vart ei påminning om krigens redsler. Det utrulege er at ”Det tredje riket” held ut så lenge  Men då ein britisk panserdivisjon nådde Hamburg  3. mai 1945, var det ingen motstand.

Same dagen kompaniet hadde tatt marsjmerket kom det bod om at det var nokre ledige plassar på ein helgetur til Scharbeutz – ein turiststad ved Østersjøkysten, like ved Lübeck. Dei som var minst sårbeinte melde seg på turen og  spela turistar for ei lita stund.

Ein sundag lånte nokre av oss ein jeep og drog sørøver til Itzehoe der den danske Brigaden held til. Det skulle vera fotballkanp mellom eit lag frå den norske Brigaden og danskane.

I leiren i Itzehoe kom vi forbi kantina. Og på trappa stod ei triveleg dansk dame og ropte oss inn - ho trudde nok vi var fotballspelarar – og vi vart traktert på beste vis. Vi var vane med  heller smale rasjonar og det var lenge sidan vi hadde  sett slike veldekka bord. Fotballkampen gløymde vi heilt. Då vi langt om lenge kom heim att til Husum, var vi samde om at dei danske soldatane hadde det godt. Då vi seinare fekk vitjing av ein gjeng med danskar frå Itzehoe, måtte løytnanten vår orda med doble rasjonar for gjestene.

Det var elles permdagane – ein for kvar tenestemånad – vi såg fram til. Nokre reiste heim – nokre reiste til eit leavecenter i Bad Gastein  i Austerrike – nokre reiste til Danmark og andre stader. For dei som drog til Danmark var det ingen ulempe med norsk flagg på ermet. Men det var uvant å gå i sko og ikkje i tunge marsjstøvlar. Sivile klede hadde vi sjølvsagt ikkje – for oss i Brig 511 vart det eit år i uniform.

 

nts