Årsmelding 1998
Styret 1998. I styret har desse vore: Leiar: Aage Henning Stavenes, nestleiar: Kåre J. Kyte, kasserar; Lars E. Fjose: Sekretær: Arnfinn Brekke. Andre styremedlemer: Nils P. Brekke, Johannes Kløve, Knut S. Dagestad. Varamenn: Gisle Bruland, Birger Lydvo, Karl Riple. I arbeidsutvalet har desse vore: Aage Henning Stavenes, Kåre J. Kyte, Lars E. Fjose, Arnfinn Brekke. Pr. 31.12.98 var medlemstalet 131. Årsmøte vart halde på Avhaldskafeen Margrethe 24. februar 1998. Frammøtet var 33. Admiral og tidlegare forsvarssjef Torolf Rein heldt eit fengjande foredrag over temaet ”Forsvar utan trugsmål”. Arbeidsutvalet har hatt 8 møter. Det har vore 3 styremøte. 27. januar hadde 32 veteranar med fylgje funne vegen til medlemsmøte på Avhaldskafeen. Hovudsak på dette møte var turplanane for 1998. Det låg føre 2 alternativ, frå Panorama Tours og frå Haga Reiser. 13. oktober var 38 deltakarar tilstades på medlemsmøte på Avhaldskafeen, Ole Johan Jacobsen frå Color Line orienterte om Color Line sine turopplegg for 1999. 27. november vart det førjolsveitle på Bømoen. Heile 83 veteranar med fylgje var til stades, mellom dei 6 HV-ungdomar. Det høge deltakartalet gjorde at foredraget måtte haldast i kantina i leiren. Den kjende motstandsmannen frå krigen, Gunnar Sønsteby, var foredragshaldar. Han var sprudlande opplagt og fekk stor applaus for foredraget. Så gjekk turen opp i offisersmessa, der deltakarane vart sessa ved velduka bord, med Lars K. Fenne som vert. Lars Jordal las ein velskriven prolog. Så bar det inn i salongen, der Lars Opkvitne sto for Premieutdelinga etter skytekonkurransen utover hausten. Vestlandstreff. Den store hendinga i 1998 var Vestlandstreffet 21. 23. august. Tanken om eit slikt treff vart kasta fram av Magne Nordeide på medlemsmøte 27.1. Han kom med framlegg om å ta kontakt med veteranforeiningane i Bergen og Sogn og Fjordane for å få til eit årleg Vestlandstreff. På styremøte 3. mars vart Magne Nordeide si skisse for program drøfta, og fylgjande hovudnemnd var vald: Magne Nordeide, Torbjørn Seim og Lars Opkvitne. Etterkvart kom arbeidsutvalet, og aktivitetsnemnda og fleire med i arbeidet. Desse hadde tilsaman 8 møte for å førebu Vestlandstreffet. Styret vil takka alle som var med og gav Vestlandstreffet så godt innhald. Men oppslutnaden burde vore betre, slik at vi hadde unngått i gå med underskot. Vestlandstreffet baud på ein serie med høgdepunkt. Nokre skal nemnast:
Oberst Hesjedal sto for medaljeutdeling. Ein velsmakande middag vart servert. I det heile hadde ”Kulturhuset Fraktgodsen” all ære av denne tilskipinga. Andre aktivitetar.
Sluttord. 1998 var eit arbeidskrevjande år, særleg med tanke på Vestlandstreffet. Talet på møte i styre og arbeidsutval fortel ikkje alt. Dugnadsøkter med kopiering og pakking av materiell og ei mengd telefonsamtalar utgjer stor tidsbruk. Men løn for strevet er å vita at det som er gjort har gleda mange.
|