Årsmelding 1996

Styret  1996

I styret har dess vore:
Leiar: Aage Henning Stavenes, nestleiar: Lars Jordal, kasserar: Lars E. Fjose, sekretær: Arnfinn Brekke. Andre styremedlemar: Magne Nordeide, Jan Hjørnevik, Nils P. Brekke. Varamenn: Gisle Bruland, Birger Lydvo, Karl Riple.

I arbeidsutvalet har desse vore: Aage Henning Stavenes, Lars Jordal, Lars E. Fjose, Arnfinn Brekke.  Pr. 31.12.96 var medlemstalet 104.

Møte og tilstellingar:

Årsmøte vart halde på Avhaldskafeen Magrethe 27. februar 1996. Frammøtet var 34. Olav Hole kåserte og tok fram minne frå tenesta i brig. 511. Lun humor krydra det han hadde å seia.

Årsmøte valde ei nemnd som skal arbeida med å laga eit lokalhistorisk skrift om tenesta i Tysklandsbrigadane. 14.12.96 gjekk det ut eit brev til medlemane med oppmoding om å senda inn bilete og korte skriftlege framstillingar. Sondov Rabbe har lova å hjelpa til med det vidare arbeidet.

Arbeidsutvalet har hatt 12 møte. Det har vore 2 styremøte. Dessutan har arbeidsutvalet kome saman for å leggja brev i konvoluttar o.l,

Leiar og sekretær hadde 2 konferansar med Otto Berg i samband med festmøte på Bømoen 17. september.

16. januar var det medlemsmøte på Avhaldskafeen, og dit hadde 32 medlemar funne vegen. Jon Taskjelle kåserte. Han vae aktivt med i motstandsarbeidet under krigen. Han fylgde og gulltransporten norover i 1940. Under heile krigen var han kurer på toget mellom Voss og Ål, for å hjelpa slike som måtte gå i dekning.

25. april samlast 28 veteranar på Avhaldskafeen til medlemsmøte, Sigmund Engjaland, kjend motstandsmann frå krigen, fortalde først om førespelet  til 9. april 1940. Det var ein syrgjeleg tragedie og dyr lærepeng. Han skildra deretter arbeidet i Milørg. under krigen med mange tragiske hendingar.

17. september var det festmøte i offisermessa på Bømoen med 47 frammøtte . Fylgjande  gjester var innbedne og møtte: Ordførarane Ragnhild Skjerveggen, Voss, Olav Seim, Granvin, Terje Breivik, Ulvik og Otto Berg, Vaksdal, Magnar Lemme frå Voss og omland Forsvarsforening, Steinar Frettheim frå Reserveoffiserforbundet, avd. Voss, oberst Nils Hesjedal og oberstltn. Per Marsteinstredet.

Foredragshaldar var leiaren i forsvarskomiteen på Stortinget, Hans Røsjorde. ”Kva forsvar vil vi få i framtida?” spurde talaren.”Vi må førebu oss uversdagar.” Han kom inn på uavklara tilhøve mot Russland, Midtausten, der fundamentalisme bryt fram, og Tyrkia som uromoment. Mot denne bakgrunn er det urovekkjande at det går mot ei halvering av Hæren.

Oberst Nils Hesjedal delte ut 12 deltakarmedaljer. Etter søknad gav Folk og Forsvar økonomisk stønad til tilskipinga.

31. oktober var det nytt medlemsmøte på Avhaldskafeen med 26 frammøtte. Reidar Ringheim kåserte om ”Gamle Vangen”. Mette og gode etter eit velsmakande  måltid tok vi fatt på Tysklandsturen, denne gongen videofilm, tilrettelagt av Magne Nordeide. Ikkje minst for turdeltakarane var dette interessant.

Den planlagde førjolveitla på Liland Hotell måtte diverre avlysast, grunna sviktande påmelding.

Andre aktivitetar

17 mai var ca. 30 veteranar med i folketoget for 2. gong.

2. -  7. juni hadde 50 veteranar ein ugløymande til Tyskland, tilrettelagt av aktivitetsnemda i nært og godt samarbeid med Arvid Iversen i Skald Reiser. Han var og reiseleiar på turen. Eit høgdepunkt var Itzehoe, der vi vart mottekne med full militær  honnør med obersltn. Jochen Franzen med kona Ingrid i spissen.

1. – 2. juli hadde vi gjesting av Jochen Franzen, kona Ingrid og dottera Claudia. Dei hadde vore på fottur i Jotunheimen og la heimturen om Voss. Aage H. Stavenes, Lars Fjose og Arnfinn Brekke var vertskap for dei sjarmerande gjestene.

På landsmøte i Veteranforbundet i Drammen 12. – 14. september møtte Aage H. Stavenes og Arnfinn Brekke.

I samsvar med vedtak på årsmøte i 1996 er pgf. 5 i vedtektene

Boka ”Kong Harald. Monarkiet i medvind og motvind” av Per Øyvind Heradstveit vart gjeven i jolegåve  til oberstltn. Jochen Franzen i Itzehoe og oberst Nils Hesjedal, Voss.

Sluttord

Veteranforeininga har møtt stor velvilje hjå dei militære sjefane på Voss og har ei høg stjerne der. Det har dei ved fleire høve gjeve uttrykk for. Lat oss ta godt vare på denne velvilje !

Voss, 4. februar 1997.

Aage Henning Stavenes
leiar  
Arnfinn Brekke
sekretrær

                                                                                                             


Tilbake