Refsa forsvarspolitikken

HONNØR: Flaggberar Ivar Gjelland og kranspåleggjar Lars Jordal i stram honnør ved monumentet i Prestegardsmoen

Major Per Støyva nytta høvet til å kritisera den stadige reduksjonen av det norske forsvaret då han la ned krans ved bautaen i Bømoen 8.mai. - Det som hende i 1940 kan henda igjen, hevda han.

Av Ragnhild Dårflot Olsen, avisa Hordaland (tekst) Vidar Herre (foto)

Og nettopp difor meiner Støyva det er viktig å oppretthalda eit sterkt, norsk forsvar. Han gjekk rett på sak etter å ha fått ordet av oberstløytnant Nils Hesjedal, som ynskte dei kring 50 frammøtte i Bømoen velkomen.
- Me som er forsvarsvener føler uvisse i forhold til kva som skjer med forsvaret. I dag har me eit landforsvar som nesten er vekke, sa Støyva.
- Enn så lenge har me heimevernet, men etterkvart vil også det verta mindre. I eit land med store rikdommar vert forsvaret lagt ned. Forstå det den som kan!

Må ikkje gløyma
Støyva understreka ˜g kor viktig det er å samlast slik ein gjorde i Bømoen torsdag. På den måten kan ein minna både seg sjølve og den oppveksande slekt om kva som hende i åra 1940 til 1945.
- Akkurat som døden er dette eit kapittel mange ikkje ynskjer å snakka om, og dei fleste vil helst gløyma det. Men det er eit historisk faktum at periodane med krig og ufred kjem tilbake med ujamne mellomrom. Det som hende i 1940 kan henda igjen, sa Støyva, og rosa dei frammøtte for å delta på Voss og Omland Forsvarsforening si markering av frigjeringsdagen.
- De vil ikkje gløyma, slo han fast.

Tradisjonelt
Heller ikkje dei som møtte fram til Tysklandsbrigaden si kransepålegging i Prestegardsmoen, vil gløyma. Der var kring 60 menneske samla for å minna dei falne. Åge Stavenes ynskte velkomen, medan Lars Jordal heldt tale og la ned krans. Gutemusikken frå 1947 stod for det musikalske innslaget.
- 8. mai er den finaste dagen me kan ha opplevd i nyare tid. Då alle flagga gjekk til topps var gleda så stor at det ikkje er mogleg å illustrera, minnast Jordal.
Samstundes understreka han at me framleis må verna om freden.
- For oss i brigaden er det ei stor oppgåve å minna om at me må vera på vakt. Me veit at det er krefter som rører seg i dag òg, sa han, og peika særskilt på nynazismen.
- Me må innprenta komande slekter å gjera det same!
Etterpå nytta Stavenes høvet til å oppmoda medlemmane i Tysklandsbrigaden om å møta mannsterkt opp i 17.-mai toget dette året.
- Då vil me markera at det er 50 år sidan den siste brigaden vart trekt heim att frå Tyskland. Me håpar mange møter!