Stavenes vart æresmedlem hjå Tysklands-veteranane

Av Rolf Tepstad, "Hordaland", november 2004 .

VOSS: Aage Henning Stavenes vart fredag heidra for sine ti år som leiar i tysklandsbrigaden si veteranforeining på Voss.

10 år er også perioden foreininga har vore operativ. Med andre ord: Stavenes har vore leiar like sidan starten.

Frå no av er han i tillegg æresmedlem i laget med det ikkje heilt korte namnet: Tysklandsbrigadanes Veteranforening, avd. Voss og omland.

— Mykje kjekt har me hatt saman denne tida. Kjekke turar og kjekke festar, mintest Lars Jordal då han overrekte Stavenes skjold og dipolom for sine ti år i førarsetet. Og der det samstundes framgår at han er den første – og einaste — æresmedlemen i laget.

— Me er dessutan heldige som har ein dataekspert som leiar. Dermed har foreininga fått opp flotte heimesider på internett, der heile aktiviteten vår vert skildra.

Jordal understreka elles at Stavenes frå første stund la lista høgt i foreininga sitt arbeid. Ikkje minst med tanke på kven som vart henta inn til festkveldane dei skipar til. Mellom namna i så måte nemnde han Kåre Willoch, Gunnar Sønsteby og forsvarskomiteen sin leiar Marit Nybakk.

For Kjartan Rødland, som heldt festtalen no fredag, var det snakk om ei repetisjonsøving. Han hadde vore nytta også ved tidlegare høve, kunne Jordal fortelja. Jordal var forresten sjølv med å skipa veteranforeininga og er i dag kasserar i laget.

— Takk for utnemninga og for gode ord, sa æresmedlemen sjølv, då han fekk ordet. — Det har vore ei spennande tid, med mange fine opplevingar, slo også han fast.

Ca 65 gjester var møtte fram til festen i kantinebygget på Bømoen, som markerte veteranforeininga sitt 10-års jubileum. Mellom desse både noverande militære leiar på Voss, oberstløytnant Oddmund Nygård og hans forgjengar, oberst Nils Hesjedal.

Og då mat, talar og seremoniar var unnagjort, vart salen rydda for dans. Til godt ut i dei små timar!

ÆRESMEDLEM: — Vel fortent, fastslo Lars Jordal (t.v.), då han fredag utnemnde
Aage Henning Stavenes til æresmedlem i Tysklandsbrigadane si
veteranforeining på Voss.


Alle foto:
Gunn Bjørg Bryn

Tilbake